Snøsystera 1. - 3. desember

Snøsystera - ein familieopera

1. - 3. desember

Velkomen til ei framsyning for heile familien som heilt sikkert kjem til å røre ved hjarta!

 

25-årsjubilanten Opera Nordfjord er med rette utruleg stolte over å ha inngått eit samarbeid med Opera Malmö, som i desember hadde urpremiere på den nyskrivne kammer- og familieoperaen Snösysteren av Magnus Johansson og Anna Berg, basert på den kjende og kjære barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde og med illustrasjonar av Lisa Aisato.

 

No skal Opera Nordfjord ha noregspremieren på denne vakre, litt triste, men veldig hjartevarme familieoperaen.Den vert omsett til nynorsk av Kari Standal Pavelich. 

 

I operaen Snøsystera møter vi Julian, som sørger over tapet av si kjære storesyster Juni. Foreldra kjem seg knapt gjennom kvardagen og har ikkje ork til å tenke på julepynt og julefeiring midt i sorga. Den nye, blide og morosamme venninna Hedvig gir Julian nytt håp og ei ny glede i kvardagen og hjelper han og lillesystera Augusta til å ta jula tilbake. Men kven er eigentleg Hedvig?

 

Det kunstnariske teamet er det same som i den opprinnelege premieren ved Opera Malmö: regissør Linda Mallik, scenograf/kostymedesignar/maskør Karin Betz, lysdesignar Johanna Svensson, projektør Johannes Ferm Winkler og koreograf Sara Ekman.

 

På scena møter vi fem operasongarar og tre musikarar. Hovudrollene som Julian og Hedvig vert spelte av den svenske tenoren Conny Thimander og sopranen Kine Sandtrø frå Trøndelag. I tillegg får publikum møte Trond Gudevold som faren og Gubben og Mari Askvik frå Leikanger i Sogn som mora. Veslesystera Augusta og Snøsystera vert spelt av den unge og lovande sopranen Violetta Peschanskaya frå Oslo.

 

Vi vonar at denne rørande fortellinga om Julian og Hedvig samlar «heile slekta», frå dei yngste til dei aller eldste publikummarane. 

 

Framsyningar:

Fredag 1. desember kl. 18.00 - noregspremiere
Laurdag 2. desember kl. 13.00
Laurdag 2. desember kl. 17.00
Søndag 3. desember kl. 13.00

 

Framsyninga varer i om lag ein time. Det er ikkje pause. 

 

Billettprisar inkl. avg.:

Barn til og med 4 år 260 kr 

Ungdom t.o.m. 19 år 300 kr 

Student 300 kr 

Ordinær 330 kr 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no