Soga om Sol
4. - 15. oktober
Kvar haust sidan 1998 har Opera Nordfjord sett opp opera eller operette på operascena på Nordfjordeid. Dei første 11 åra i aulaen på Fjordane folkehøgskule og dei siste 14 åra i Operahuset Nordfjord.
Når operaen i 2023 skal feire eit kvart århundre med distriktsopera i Nordfjord, er det med eit tingingsverk frå musikal-duoen Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, for mange kjende frå Jorden rundt på 80 dager i 2021.
Soga om Sol er ein vaskeekte utvandrarmusikal, der det meste er oppdikta og noko er inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.
Når ein endeleg set opp ein nyskriven musikal for "bursdagsbarnet" er det naturleg å velge profesjonelle aktørar som kjem frå eige distrikt. Det er ei glede å presentere Ingrid Tykhelle Kayser frå Nordfjordeid i den eine hovudrolla og dei to ørstingane og ungdomskameratane Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen i dei to andre hovudrollene. I tillegg kjem eit omfattande skodespelarlag på scena samansett av både nyutdanna musikalartistar, som har vakse opp i Opera Nordfjord og i skulemusikalane på Eid vidaregåande skule, og godt vaksne skodespelarar, både profesjonelle, semiprofesjonelle og dyktige amatørar.
Det kunstnariske teamet vert klart over nyåret og vert leia av regissør og dirigent Michael Pavelich.
Handlinga er lagt til rundt 1915, og vi møter Emil og Sol, som emigrerer til Amerika for å starte eit nytt liv i New York. Emil blir sendt i krigen som leigesoldat når han endeleg kjem fram som ship jumper, og den talentfulle songaren Sol vert med i eit Side-show, der menneske som elles ville vere utstøytte frå samfunnet har funne saman i teaterfamilien med sine talent, handicap og von om eit betre liv.
Framsyningar:
Onsdag 4. oktober kl. 18.30 - urpremiere
Fredag 6. oktober kl. 18.30
Laurdag 7. oktober kl. 17.00
Søndag 8. oktober kl. 14.00
Onsdag 11. oktober kl. 18.30
Fredag 13. oktober kl. 18.30
Laurdag 14. oktober kl. 17.00
Søndag 15. oktober kl. 14.00
Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær 495 kr
Ungdom t.o.m. 19 år 375 kr
Student med studentbevis 375 kr
Barn til og med 14 år 275 kr
Operaens venner 445 kr - maks 1 billett per medlem/kjøp, bruk rabattkode frå Operaens Venner
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no