Tollak til Ingeborg

Teater Vestland og Riksteateret presenterer

Tollak til Ingeborg

av Tore Renberg

Tysdag 6. februar kl. 19.00

Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.

Det er på tide å fortelje.

 

Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet, og romanen er selt i over 70 000 eksemplar. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette mørke og intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.

 

Sagt om boka:
«Intet mindre enn en drivende god og ubehagelig litterær thriller.» VG
«Noe av det beste Tore Renberg har skrevet» Aftenposten

«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama.» NRK

«Et mannsportrett, en tragisk familiehistorie, en kulturkritikk, en vakker bok om kjærligheten» Nettavisen, 6
«Blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap» Bok 365

 

Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora. Det visuelle universet vert skapt av scenograf Milja Salovaara og lysdesignar Martin Myrvold.

 

På scena møter du Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Harald Ottesen Nødtvedt med fleire. 

 

Av Tore Renberg. Dramatisert av Tore Renberg. Regissør Miriam Prestøy Lie. Scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara. Komponist og lyddesignar Selma Stang. Lysdesignar Martin Myrvold. Språkkonsulent Terje Lyngstad. Produsent Silje Vigerust Vinjar.

 

Tollak til Ingeborg er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteatret. Urpremieren 28. september er Teater Vestland si opningsframsyning i Nynorskhuset i Førde, og stykket skal på turné i heile landet.

 

Billettprisar inkl. avg.: 

Ordinær 455 kr

UNG 16-30 år 185 kr

Honnør 365  kr

Gruppe 5+ 365 kr

BOB-medlem 365 kr

Teaterven 355 kr (oppgje kode frå Teater Vestland)

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 06 feb 19:00 Tollak til Ingeborg 455 Kjøp